To einebustader kjem for sal i Ørehaug

3 soverom

Sentralt, sjøutsikt, carport

To einebustader i Ørehaug på Haga kjem for sal

Me er snart klar til å leggje ut to prosjekterte einebustader for salg i Ørehaug på Stord. Her kan du sikre deg ein ein flott bustad i eit populært og etablert bustadområde, med kort veg til skule, butikk, idrettsanlegg, golfbane, turområder og hestesportsenter.

Bustadene har to etasjar, carport samt uteplass med flott sjøutsikt. Bustaden har to bad, tre soverom og ei kjellerstove som også kan nyttast som soverom. Stova er plassert i andre etasje, og med store vindauge og god utsikt, vert dette ei stove med verkeleg god romkjensle!

Det vert lagt vekt på gode kvalitetar, blant anna Sigdalkjøkken og baderomsinnreiing frå Stord Kjøkkensenter.