Åpenhetslova

Valvatne Eigedom AS

Om verksemda:

Valvatne Eigedom AS er eit morselskap i Valvatne – gruppa, og består av selskapa Valvatne Bygg AS, XL–BYGG VALVATNE AS og Stord Kjøkkensenter AS. Me er lokalisert på Heiane, Stord og har pr juni 2024 42 tilsette fordelt på dei ulike selskapa.

Kvar for seg er ikkje desse selskapa pliktig til å rapportere ihht  Åpenhetslova, men samla sett er me omfatta av lova og har difor også ein felles redegjørelse.

Vår verksemd er ein del av det organiserte arbeidslivet og er tilslutta Byggenæringens Landsforening (BNL). Vårt driftsområde er tomteutvikling, prosjektutvikling, sal av bustader, byggeleiing, samt byggevarehandel og kjøkkensal.

Valvatne Bygg AS og XL–Bygg Valvatne AS er begge miljøfyrtårnsertifiserte verksemder.

Arbeidet med åpenhetslova er forankra hos styret, og dei har det overordna ansvaret for at selskapet opprettheld ansvarskjensle for menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. Rutinar og retningslinjer for dette arbeidet er godkjent i styret.

Me har etablert følgande retningslinjer og rutinar for å handtere faktiske og potensielle negative konsekvensar for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold:

  • regelmessige aktsomhetsvurderingar i eige selskap, samt hos våre leverandørkjeder og forretningsforbindelsar. Stansing/ førebygging av negativ påverknad eller skade, overvaking og gjennomføring av naudsynte tiltak, samt formidling av korleis påverknaden er handtert og behandlingar av eventuelle informasjonskrav.
  • All innleigd arbeidskraft i byggeprosjekt og montering skal ha kontraktar med krav om ivaretaking av menneskerettar for alle sine tilsette.
  • årleg rapportering ihht Åpenhetslova §5

Me jobbar kontinuerleg for å sikre den enkelte arbeidstakar sine rettigheiter og sørge for trygge arbeidsforhold. Me nyttar oss i tillegg av ulike underentreprenørar og andre leverandørar i ulike byggeprosjekt. Me stiller høge krav til dei me inngår samarbeid med, og alle nye kontraktar inneheld krav knytta til åpenhetslova gjennom spesielle kontraktsbestemmingar. Desse kontraktsbestemmingane sikrar vår verksemd tilgang til våre underleverandørar sine aktsomhetsvurderingar der dei er omfatta av åpenhetslova, og informasjon om underleverandørar sine varekjøp og leverandørkjeder der dei ikkje er omfatta av lova. Våre spesielle kontraktsbestemmingar inkluderer også krav til lønns – og arbeidsvilkår og internkontroll, sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA) for arbeid som skjer i Noreg.

Rapporteringsperioden 2023/ 2024:

I rapporteringsperioden er det føretatt arbeidsmøter for kartlegging av leverandørkjeder og aktsomhetsvurderingar. Me brukar tilgjengeleg informasjon frå bransjeforeiningar og andre aktørar som grunnlag for vårt interne arbeid. Største delen av våre innkjøp i XL-BYGG VALVATNE og Valvatne Bygg AS går gjennom Mestergruppen. Dei har strenge retningslinjer for å ivareta både åpenhetslova og HMS.

For meir info; sjå https://mestergruppen.no/%C3%A5penhetsloven/  

Stord Kjøkkensenter har største delen av sine innkjøp gjennom Sigdal AS, som også har eigne retningslinjer: https://www.sigdal.com/personvern/apenhetsloven/

Gjennom våre aktsomhetsvurderingar har me avdekka følgande:

Vesentleg risiko for negative konsekvensar:

I og med at våre leverandørar i XL-BYGG VALVATNE og Stord Kjøkkensenter er omfatta av eigne retningslinjer ihht åpenhetslova, vurderer me det slik at risikoen for negative konsekvensar hos oss er størst i forbindelse med forretningspartnarar frå land i risikosona som tilbyr innleigd arbeidskraft til Valvatne Bygg og Stord Kjøkkensenter.

I rapporteringsperioden har me henta inn arbeidskontraktar og lønnsslippar ved nye avtalesigneringar med innleid arbeidskraft frå land utanfor Noreg for å avdekke negative konsekvensar.

Faktiske negative konsekvensar:

Det er ikkje avdekka faktiske negative konsekvensar gjennom våre aktsomhetsvuderingar.

Iverksette tiltak for å avgrense vesentleg risiko for negative konsekvensar:

Me fortset med å oppretthalde rutinar om innhenting av naudsynt dokumentasjon ved nye kontraktsinngåingar med innleigd arbeidskraft. Dette gjer me også ved oppretting av nye forhandlaravtalar der me vurderer dei til å befinne seg i risikosona for negative konsekvensar.

Utover dette har me delteke på BDO sine seminar om arbeidet med kartlegging av verdikjeder på bransjenivå som grunnlag for videre kartlegging og prioritering av vårt bedriftsinterne arbeid med aktsomhetsvurderingar i våre verdikjeder. Me vil fortsette med å oppdatere våre rutinar og retningslinjer i tråd med BDO si anbefaling. Tiltaka forventast å bidra til økt moglegheit til å fange opp risiko for brudd på dei formål åpenhetslova skal ivareta, samt bidra til å rette opp negative konsekvensar der det er naudsynt.

Ved spørsmål om våre aktsomhetsvurderingar, kontakt oss på post@valvatne.no