Om oss
Me bygde for generasjonane før deg og byggjer for generasjonane etter deg
Mykje historie i desse veggane, seier folk ofte om gamle hus.
Gjennom seks generasjonar og 125 år har Valvatne vore ein del av byggjehistoria på Stord og i Sunnhordland. Me har bygd heimar og næringsbygg, opplevd både oppturar og utfordringar, og sett korleis behov og byggjemetodar har endra seg gjennom tidene.
Erfaringa har lært oss kor viktig det er å utvikle seg og tilpasse seg nye behov. Me har vore her lenge, og har tenkt å vere her lenge til. Ikkje fordi me held fast ved det gamle, men fordi me kombinerer erfaring og godt handverk med nye løysingar.
I dag består Valvatnegruppa av Valvatne Bygg, XL-BYGG Valvatne og Stord Kjøkkensenter. Me har også ei eiga avdeling for glas og lås. Saman har me dyktige medarbeidarar med brei kompetanse innan fleire delar av byggjeprosessen.
Me trur på kvalitet framføre kvantitet, me trur på berekraft og miljøvenlege løysingar, og me trur på handverket som er nedarva gjennom seks generasjonar. Me vil byggje på vår kompetanse og erfaring – me vil byggje noko som varar.
