Nybygg

Kataloghus eller arkitektteikna? Klassisk eller moderne? Tradisjonelt eller funkis?
Lite eller stort?

Me er stolt leverandør av Blink Hus, og det gir deg mange ulike alternativ. Blink Hus sine kataloghus er teikna i samarbeid med Blink Hus sine arkitektar og bustadrådgivarar. Sjå våre flotte husmodellar, og bli inspirert.

Valet er teke og du skal skape din draumeheim. Kanskje du har funne den perfekte tomta, eller kanskje du framleis er i startfasen? Med røter i byggjebransjen heilt tilbake til 1901 har me lang erfaring med å hjelpe kundar frå dei første tankane til ferdig bustad.

Når du skal byggje nytt, er det mange val å ta. Våre dyktige medarbeidarar hjelper deg med å finne løysingar som passar dine ønskje og behov, anten du vel ein av husmodellane våre eller ein arkitektteikna bustad. Me tilpassar huset til tomta, livssituasjonen og draumane dine, og følgjer deg gjennom heile prosessen – frå første møte til innflytting.

Slik går byggjeprosessen føre seg:

1.

Me teiknar hus til tomta di, anten du har eiga tomt eller ynskjer ei av våre. Vel kataloghus, tilpassa kataloghus eller arkitektteikna bustad.

2.

Me leier deg trygt gjennom alle avgjersler og detaljar, i tett dialog med deg, seljar og byggjeleiar.

3.

Når planlegginga er på plass startar bygginga. Me samkøyrer dei ulike fagfelta og tek oss av heile prosessen fram til du får nøkkelen til draumehuset i handa di.

Kontakt oss

"*" indicates required fields

Ynskjer du at me tek kontakt med deg? Legg igjen e-postadresse eller telefonnummer, så tek ein av våre medarbeidarar kontakt med deg.

Navn*