Husets yttertøy

– val av kledning

Når du skal velje kledning til huset ditt, er utvalet stort. Kledninga er husets yttertøy, og den skal dekkje fleire behov. Ståande eller liggjande, klassisk eller røft, fals eller tett?

Denne huskunden har gått for malmfuru, ein vedlikehaldsvenleg kledning med eit røft uttrykk.

Malmfuru er naturleg impregnert og motstandsdyktig mot sopp og råte. Ved riktig bruk kan malmfuru vare i lang tid.

Malmfuru krev lite vedlikehald og mange vel å bruke dette materialet ubehandla. Over tid vil ubehandla malmfuru som er utsatt for sol, regn, vær og vind få ein brunaktig, sølvgrå patina og endre seg i takt med naturkreftene. Dersom ein ynskjer denne utsjånaden med ein gong, kan ein velje å behandle kledninga. Dersom ein ynskjer, kan ein også beise, olje eller male malmfuru.