Husets yttertøy
– val av kledning

Når du skal velje kledning til huset ditt, er moglegheitene mange. Kledninga er huset sitt yttertøy, og ho skal både verne mot vêr og vind og gi huset sitt særpreg. Ståande eller liggjande, klassisk eller røft, med eller utan synleg fals?
På dette huset har kunden valt malmfuru, ei naturleg og vedlikehaldsvenleg trekledning med eit røft og tidlaust uttrykk.
Malmfuru har ein høg del kjerneved med naturlege stoff som gir god motstand mot sopp og råte. Ved rett montering og bruk kan malmfuru få lang levetid.
Mange vel å la malmfuru stå ubehandla. Etter kvart vil sol, regn og vind gi treverket ein naturleg grå eller brunleg patina, som endrar seg med årstidene og vêrforholda.
Ønskjer du eit jamnare fargeuttrykk frå starten, finst det også ulike overflatebehandlingar. Malmfuru kan mellom anna behandlast med jernvitriol, beis eller eigna målingsprodukt, etter tilråding frå leverandøren.
Er du usikker på kva kledning du skal velje? Hos XL-BYGG Valvatne hjelper me deg gjerne med å finne ei løysing som passar huset ditt.


