Natur på taket
Langvarig løysing, minimalt med vedlikehald
Grønne tak vert stadig meir populært
Fleire av våre kundar har valgt sedummatter på sine nye hus. Sedum, betre kjend som Bergknapp, er ein sukkulent som er både hardføre og lettstelte, bra for det biologiske mangfaldet og dei byr på ein vakker fargeprakt som skifter gjennom årstidene.
Sedum fremmar livsmiljøet til fuglar, sommerfuglar og insekt. Dei abosorberer regvatn, er luftrensande og isolerande. Med andre ord, er dette eit dekorativt tak med mange fordelar
Sedummatter kan også leggjast andre stadar enn på taket, til dømes i ein skråning, i steinbed eller på toppen av ein mur.
Fleire fordelar med sedumtak
Sedummattene krymper ikkje, og det vert difor ingen gliper mellom mattene. Dei gjev umiddelbart eit ferdig, dekkjande resultat, dei beskytter mot vind og vatn og det vert lite ugras då ferdige matter er dyrka ugrasfritt.
Kanskje ein idè til ditt neste byggjeprosjekt?