Huset på Vatna

– ein leik med kontrastar

Leik med kontrastar

Denne huskunden har verkeleg leika seg med kontrastar. Treverk mot betong, nytt mot gamalt, ulike fargar på kjøkkenfrontane og gjennomgåande spanande fargeval i heile huset. Uansett kvar ein ser, er det noko spanande å festa auga på, og midt i bygget ligg hjarta i huset; bassenget med strålande utsikt mot vatnet.

Eit hus der kreativiteten kan bløma

Med strålande utsikt over Ådlandsvatnet, ligg huset perfekt plassert i terrenget. Vindauga i det arkitekttegna huset er plassert slik at ein får naturen inn og har utsikten ut. Ein kan nyte utsikten frå bassenget, frå badstua og frå badekaret, og til og med toalettet har eigen utsikt.