Moodboards for ditt nye kjøkken
Kombinasjonar til inspirasjon

Finn fargane som passar saman
Når du skal planleggje eit nytt kjøkken, er det mange val å ta. Kva kjøkkenfargar passar saman med benkeplate, handtak og andre detaljar?
For å gjere valet enklare har Sigdal sett saman inspirerande moodboards som viser korleis ulike fargar og materiale kan kombinerast. Eit moodboard til kjøkken kan vere eit godt utgangspunkt når du skal finne din eigen stil.
Within Wood
Within Wood er det nye kjøkkenkonseptet til Sigdal, der naturleg varme og det rolige uttrykket i treverket står i sentrum.
Kjøkkenet er designa i eikefiner, Favn Natur, med vertikal trestruktur som gir eit mjukt og harmonisk uttrykk. Med keramisk benkeplate og svart blandebatteri og vask, vert dette eit roleg og innbydande kjøkken.
Nøtt
Den vakre beisfargen Nøtt gir fronten ein varm og vakker glød som minnar om lune eikeskogar og nordisk natur.
Fronten og handtaka i mørk eik, rillene i utføringa og svarte detaljar skapar eit varmt og eksklusivt kjøkken.


Hav
Kjøkkenfargen Hav gir eit roleg og elegant uttrykk. Her er han kombinert med ei benkeplate i kvitbeisa eik, varme metalltonar og detaljar i skinn. Saman skaper dei eit varmt og eksklusivt kjøkken.
Furu
Furu er ein tidlaus og lun nyanse som er enkel å kombinere med ulike materiale og detaljar. Fargen passar like godt på eit klassisk kjøkken som i ein moderne heim.
I dette moodboardet er Furu kombinert med benkeplate i kjerneask og handtak i eik og klassisk kvit.


Korn & Eik
Korn er ein jordnær og roleg farge som har mykje vitalitet og styrke i seg. Fargen skapar ein koseleg, lett og sofistikert følelse på kjøkkenet. Korn passar perfekt saman med den varme eiketonen i Signatur Favn.
Her er fargen vist i kombinasjon med benkeplater i kvartskompositt og laminat, og detaljar i krom og mørk eik.
Moodboard S 2005-G10Y
Denne vakre grøne nyansen held seg over tid og er fin å kombinere med ulike material på benkeplate og tilbehøyr. Lyst tre og ulike nyansar av grønt passar perfekt til denne tonen.
Fronten heiter Scala, og benkeplata er lekker Carraramarmor. Looken vert toppa med detaljar i stål.
Finn ditt nye kjøkken hos Stord Kjøkkensenter
Har du funne ein fargekombinasjon du likar, eller treng du hjelp til å setje saman ditt eige kjøkken?
Hos Stord Kjøkkensenter finn du eit stort utval kjøkken frå Sigdal. Våre kjøkkendesignarar hjelper deg med å finne fargar, materiale og løysingar som passar din stil og dine behov.
Ta gjerne turen innom utstillinga vår for meir inspirasjon, eller avtal eit designmøte med ein av våre kjøkkendesignarar.
