Varme og hygge

– med riktig vedovn

Jøtul F373

Gjer heimen din varm og innbydande

Kva må du tenkje på når du skal kjøpe ny vedomn?

Med investering i ny peis eller vedomn, oppnår du både estetisk oppgradering i heimen, miljøgevinst, betre komfort og reduserte straumprisar. Men kva bør du eigentleg tenkje på før du bestemmer deg?

Designet på peisen er ein viktig faktor for mange når ein skal gå til innkjøp av ny peis eller vedomn. Men det som kanskje er det viktigaste er sjølve jobben vedomnen skal gjere – nemlig å gi varme.

Kva er varmebehovet?

Gamle, trekkfulle hus med dårleg isolasjon, treng vesentleg meir varme enn boligar med god isolering og trelags vindaugsglas.

Dersom heimen din er godt isolert har du eit varmebehov på ca. 60 – 70 watt per kvadratmeter. Men varmebehovet varierar avhengig av isolasjon, antall vindauge og takhøgde i bustaden.

Det vil difor vere lurt å fyrst finne ut kva varmebehovet ditt er, og deretter sjå på utvalet av design. Då vil du sitje igjen med ein vedomn som gjev deg det du ynskjer, i både funksjon og utsjånad.

Nordpeis Duo
Nordpeis Wave F

Kvar skal vedomnen stå?

Plasseringa av peisen har mykje å seie for kor god utnytting du får av varmen. Ei sentral plassering vil gi større varmeutnytting enn den peisen som vert plassert på kjøkkenet for kosens skuld.

Eit godt tips er å teikne opp ei skisse av rommet med pipe, brannmur og møblering, før du tek turen til oss der me kan hjelpe deg vidare.

Kor stor skal peisen vera?

Sjølv om du har plass til ein stor omn, så er det ikkje sikkert at det er det du skal velje. Ein peisomn må tilpassast bustadarealet og behovet for varme. 

Er peisen for stor vil ein konstant fyre på for lav effekt, noko som fører til dårleg forbrenning og sot på glas og i skorstein. Dersom omnen er for liten, vil den verte overbelasta og få redusert levetid.

Jøtul F 205
Jøtul FS 320

Bytt til reintbrennande

Har du ein gamal omn frå 1998 eller eldre, er det sannsynleg at det fyres uøkonomisk og lite miljøvenleg. Med ein reintbrennande ildstad slepp du ut 90 prosent færre partiklar, og du oppnår så mykje som 30 prosent meir varme pr. vedkubbe, sammenlikna med eldre omnar.

Alle nye vedomnar som installeres har no krav på seg om å vere reintbrennande.

Hugs at pipa også må sjekkast

Visste du at dei fleste problem med ildstadar stammar frå ein feildimensjonert eller dårleg fungerande skorstein? Eit gamalt pipeløp gjev dårleg trekk og kan i verste fall føre til pipebrann.

Ingen pipe? Ikkje noko problem

Har du ikkje pipe i dag, er det fullt mogleg å ettermontere ei stålpipe. Stålpiper passar like bra i nye som i gamle bygg, og kan vinklast og sideforskyvast slik at omnen kan stå nøyaktig der du måtte ynskje.

For meir info og inspirasjon, besøk XL-BYGG VALVATNE.

Me er stolt leverandør av Jøtul og Nordpeis.

Nordpeis You Wall