Varme og hygge

– med rett vedomn

Jøtul F373

Gjer heimen din varm og innbydande

Kva bør du tenkje på når du skal kjøpe ny vedomn?

Ein ny peis eller vedomn kan gi både god varme, betre komfort og eit flott løft til interiøret. Ein moderne, reintbrennande vedomn kan også utnytte veden betre og gi lågare partikkelutslepp enn eldre omnar.

For mange er designet viktig når dei skal velje ny vedomn. Men minst like viktig er det å finne ein omn som passar varmebehovet og rommet han skal stå i.

Kva er varmebehovet?

Eldre og trekkfulle hus treng ofte meir oppvarming enn nye, godt isolerte bustader. Varmebehovet avheng mellom anna av storleiken på rommet, isolasjonen, vindaugsflatene og takhøgda.

Før du vel vedomn, bør du difor finne ut kor mykje varme du faktisk treng. Då blir det enklare å velje ein modell som både varmar godt og passar inn i heimen.

Nordpeis Duo
Nordpeis Wave F

Kvar skal vedomnen stå?

Plasseringa har mykje å seie for kor godt varmen fordeler seg i bustaden. Ein sentralt plassert vedomn kan gi god varme til fleire rom, medan ein omn i eit mindre rom kan føre til at det raskt blir for varmt.

Tenk også på plassering av pipe, brannmur, møblar og avstand til brennbare materiale.

Eit godt tips er å teikne ei enkel skisse av rommet før du kjem innom oss. Då kan me hjelpe deg med å finne ein vedomn som passar både rommet og behova dine.

Kor stor skal vedomnen vere?

Det er ikkje nødvendigvis slik at den største omnen er det beste valet.

Ein vedomn med for høg effekt kan gjere rommet ubehageleg varmt. Dersom du stadig fyrer med for lite luft for å halde temperaturen nede, kan det føre til dårleg forbrenning og meir sot.

Ein for liten omn kan på si side gi for lite varme og bli belasta hardt dersom han stadig må fyrast på maksimal effekt.

Det er difor viktig å velje ein vedomn med rett effekt i høve til bustaden og korleis han skal brukast.

Jøtul F 205
Jøtul FS 320

Byt til reintbrennande vedomn

Har du ein eldre vedomn frå før 1998, kan det vere mykje å hente på å byte han ut.

Moderne, reintbrennande vedomnar utnyttar veden meir effektivt og har vesentleg lågare partikkelutslepp enn mange eldre modellar. Det kan gi betre varmeutnytting og redusert vedforbruk.

Når du skal kjøpe ny vedomn, er det viktig å velje ein godkjend modell som oppfyller dagens krav.

Hugs at pipa også må sjekkast

Ein god vedomn er avhengig av ei pipe som fungerer slik ho skal. Feil dimensjonering, dårleg trekk eller skadar på skorsteinen kan føre til problem med fyringa og i verste fall brannfare.

Før du monterer ny vedomn, bør du difor kontrollere at den eksisterande pipa er eigna for omnen du har valt.

Nordpeis You Wall

Ingen pipe? Det finst løysingar!

Har du ikkje pipe frå før, kan det vere mogleg å ettermontere ei stålpipe.

Stålpiper finst i ulike utføringar og kan tilpassast mange typar bustader. Plassering og montering må planleggjast ut frå bygget og gjeldande krav, og etablering av ny skorstein er normalt søknadspliktig.

Me hjelper deg med å finne rett vedomn!

Hos XL-BYGG Valvatne finn du vedomnar frå Jøtul og Nordpeis, i ulike storleikar og design.

Kom gjerne innom oss for ein prat om kva vedomn som passar best til heimen din. Me hjelper deg med å finne ei løysing som gir både god varme og eit uttrykk du blir nøgd med i mange år framover.

Kontakt oss

"*" indicates required fields

Ynskjer du at me tek kontakt med deg? Legg igjen e-postadresse eller telefonnummer, så tek ein av våre medarbeidarar kontakt med deg.

Navn*