Hagestove
Uteglede heile året – uansett vêr
Draumer du om ei hagestove? Eit ekstra rom som gir deg ei perfekt blanding av det å vera inne og ute på same tid?
Valvatne Glas og lås tilpassar hagestova til dine ynskjer, og våre leverandørar tilbyr hagestover i materialer tilpassa vårt vestlandske klima.
Dersom du ynskjer hagestova som eit tilbygg, vert størrelse og fasong på hagestova tilpassa anten eksisterande konstruksjonar eller ditt nybygg. Den skreddersys deretter i produksjonen til våre leverandørar.
Du kan også velje ei frittstående hagestove dersom du ikkje ynskjer å koble deg på fasaden til huset.
Anten du vel ei enkel uisolert løysing til sumarbruk eller ei fullisolert løysing som skal integrerast i bustaden din, vert løysinga skreddersydd slik at den passar deg, din livsstil og din stil.
Kva må du tenkje på når du skal ha ei hagestove?
Fagfolka i Valvatne Glas og lås har nokre tips:
Kva fasong ynskjer du på hagestova? Frittståande eller tilbygg?
Isolert, halvisolert eller uisolert? Pulttak, mønetak eller flatt tak?
Glastak eller åpningsbart lamelltak? Faste glas eller åpningsbare glas?
Soldempande, støydempande eller ugjennomsiktig glas?
Alle desse spørsmåla og fleire til får du hjelp med dersom du tek kontakt med ein av dei dyktige tilsette i Valvatne Glas og lås.
Gjer hagestovedraumen verkeleg!