Ledig stilling i Valvatne Glas og Lås
Er du vår nye medarbeidar?
Valvatne Glas og Lås har har stor pågang, og me ynskjer å forsterke teamet vårt med ein dyktig medarbeidar til 100 % fast stilling.
Er du glasmeister eller tømrar, gjerne med erfaring frå glasarbeid?
Då vil me gjerne høyre frå deg!
Valvatne Glas og lås er ein del av Valvatne Bygg, som er ei tradisjonsrik bedrift med over 125 år med erfaring. Det er totalt 35 tilsette i Valvatne Bygg, og glasavdelinga har pr. i dag 6 tilsette.

Ansvar og oppgåver
- montering av glas i bygninger, fasader og interiør (t.d. rekkverk, hagestover, glasfasader, glasbytte)
- oppdrag både for bedrifter og i private heimar
- vere serviceinnstilt, kundevenleg og omgjengeleg
Kven er du:
- me søkjer etter glasmeister eller tømrar, gjerne med erfaring innan glas
- du kan jobbe sjølvstendig og nøyaktig med varierte arbeidsoppgaver.
- du må vere serviceinnstilt
- du må ha førarkort klasse B
- du bør kunne kommunisere på norsk
- du har evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
- du har høg forståing for HMS og kvalitetsarbeid
Hos oss får du:
- konkurransedyktig løn
- ryddige og ordna arbeidsforhold
- pensjonsordning og helseforsikring
- fast ansetting
- eit godt arbeidsmiljø med dyktige og dedikerte kollegaer
Tiltreding: Snarast.
Høyres dette interessant ut?
Søknad og CV sendast til dagleg leiar Reinert Horneland, rh@valvatne.no
Søknadane vert behandla fortløpande og konfidensielt.
Du er òg velkomen til å ta kontakt dersom du vil vite meir om stillinga.
