Huset på neset
Utsikt som gir ro i sjela
Huset på neset har ei nydeleg beliggenhet, og store vindaugsflater sørgar for mykje dagslys og nydeleg utsikt.
Med integrert vinterhage og ulike høgder på fasaden, er dette eit spanande hus som legg seg fint i terrenget. Ein kombinasjon av ståande og liggjande kledning dempar den høge delen av fasaden og gir variasjon for auga. Dette huset har også sedum på delar av taket – eit tak som består av vannansamlande planter som blømer i raudt, kvitt og gult. Ein fryd for auga, men også eit tak som reduserer energibehovet. I tillegg til dette har huset ein stor natursteinsmur, og til saman vert det ein herleg miks av av ulike naturmaterialer, som igjen gir det eit dempa, roleg og naturleg preg.