Huset på Vatna
I takt med naturen
Det arkitekttegna huset på Vatna ligg på ei nydeleg tomt, og er bygd i terrenget – midt mellom dei høgreiste trea på eigedomen og med ein slåande utsikt mot vatnet. Grunnflata er fordelt på tre halvetasjar, og allrommet er smykket i huset. Den romslege stova har stor takhøgde og dei store vindaugsflatene slepp naturen inn.
Dette huset har gjennomgåande spanande detaljar, som til dømes trappa der betong møter massivt treverk. Huset har også eit basseng og ei badstue plassert midt i huset, der ein kan nyte utsikta i avslappande omgjevnader. Fargevalget skapar ein lun atmosfære – trass høg takhøgde, og det same gjer huseigaren sin miks av gamalt og nytt interiør.
Stord Kjøkkensenter har levert kjøkken frå Sigdal, i ein kombinasjon av malte frontar, finèr og stein. Igjen eit spanande fargeval, som passar perfekt til dei elles duse veggane i stova.
Eit strålande kjekt byggjeprosjekt for oss i Valvatne.