Nybygg

Kataloghus eller arkitektteikna? Klassisk eller moderne? Tradisjonelt eller funkis?
Lite eller stort?

Me er stolt leverandør av Blink Hus, og det gir deg mange ulike alternativ. Blink Hus sine kataloghus er teikna i samarbeid med Blink Hus sine arkitektar og bustadrådgivarar. Sjå våre flotte husmodellar, og bli inspirert.

Valet er tatt og du skal skape din draumeheim. Kanskje du skal rehabilitere? Eller ynskjer du å byggje nytt? Me har over 125 år med erfaring, og kan hjelpe deg med ditt draumehus, anten du vel nytt eller gammalt.

Dersom du vel nybygg, har du mykje å velje mellom. Våre dyktige medarbeidarar kan hjelpe deg å tilpasse huset etter dine ynskjer og behov, anten du vel ein av våre flotte husmodellar eller ynskjer ein arkitekttegna bustad. Moglegheitane er mange, og me hjelper deg gjennom heile prosessen – frå du tek kontakt til du får nøkkelen i handa.

Slik foregår din byggjeprosess:

1.

Me teiknar hus til tomta di, anten du har eiga tomt eller ynskjer ei av våre. Vel kataloghus, tilpassa kataloghus eller arkitektteikna bustad.

2.

Me leier deg trygt gjennom alle avgjersler og detaljar, i tett dialog med deg, seljar og byggjeleiar.

3.

Når planlegginga er på plass startar bygginga. Me samkøyrer dei ulike fagfelta og tek oss av heile prosessen fram til du får nøkkelen til draumehuset i handa di.