Om oss
Me bygde for generasjonane før deg og byggjer for generasjonane etter deg
Mykje historie i desse veggane, seier folk ofte om gamle hus.
Valvatne er ei familieverksemd med røter tilbake til 1901. Gjennom seks generasjonar har me opparbeidd oss brei erfaring med byggjeprosjekt av ulik storleik og kompleksitet. I dag kombinerer me denne erfaringa med moderne byggjemetodar, fagkompetanse og god prosjektstyring.
Valvatnegruppa består av Valvatne Bygg, XL-BYGG Valvatne og Stord Kjøkkensenter. I tillegg har me ei eiga avdeling for glas og lås. Saman representerer me eit breitt fagmiljø med kompetanse innan fleire delar av byggjeprosessen.
Me har dyktige medarbeidarar innan prosjektutvikling, kalkulasjon, prosjektleiing og praktisk byggjearbeid. Med eigne fagfolk og samarbeidspartnarar kan me tilpasse organiseringa og gjennomføringa til behova i kvart prosjekt.
For oss handlar godt byggjearbeid om meir enn det ferdige resultatet. Me legg vekt på ryddige prosessar, godt samarbeid og kvalitet i utføringa. Målet er å vere ein påliteleg samarbeidspartnar som leverer gode løysingar for kundane våre.
Me trur på kvalitet framføre kvantitet, me trur på berekraft og miljøvenlege løysingar, og me trur på handverket som er nedarva gjennom seks generasjonar. Me vil byggje på vår kompetanse og erfaring – me vil byggje noko som varar.
