Glas og Lås
– ei nysatsing
Valvatne Glas og lås er ei ny avdeling i Valvatnegruppa. Avdelinga består av dyktige fagfolk med brei erfaring innan faget, og med denne kompetansen i gruppa vår, kan me tilby deg som kunde eit breiare utval av tenester.
Valvatne Glas og lås tilbyr alt frå montering og reparasjon av glas, til avanserte låsløysingar og sikkerhetssystem – retta mot både privat- og bedriftskundar.
Me tilbyr skreddersydde løysingar for deg, anten du ynskjer eit glasrekkverk på terrassen, ei lekker foldedør, ei glasplate over kjøkkenbenken, ei ny låsløysing til heimen din eller kanskje ei ny hagestove? Ta kontakt med ein av våre dyktige medarbeidarar for hjelp til ditt prosjekt.
Valvatne Glas og lås er lokalisert i Ringvegen 12, mandag til fredag kl 07.00.- 15.30.
Me er mykje ute på oppdrag, men kontakt oss gjerne på telefon eller mail dersom du har spørsmål eller ynskjer å lage ein avtale.
Dersom du har ei hastesak, er du velkomen til å ringe vår vakttelefon, tlf 95 52 81 50
