Bygg
– frå planlegging til ferdig bygg
Valvatne Bygg utfører nybygg, ombygging og rehabilitering for næringsliv, offentlege aktørar og profesjonelle utbyggjarar. Me har erfaring frå ulike typar byggjeprosjekt, mellom anna næringsbygg, administrasjonsbygg, bustadprosjekt og bygg for offentlege tenester. Me tek på oss både totalentreprisar og oppdrag som underentreprenør.
Med eigne tømrarar, erfarne prosjektleiarar og byggjeplassleiarar har me kompetanse til å gjennomføre prosjekt av ulik storleik og kompleksitet. Me legg vekt på god planlegging, effektiv framdrift og tett samarbeid med byggherre og andre involverte fagområde.

