Alsaker Brygge

Administrasjonsbygg
I 2021 fekk me jobben med å setje opp nytt administrasjonsbygg for Alsaker Fjordbruk på Onarheim, Tysnes.
Det er til saman 7 hus i hovedbygget, inkludert kantine, storkjøkken, kontorbygg, møterom og festlokaler. I tillegg er det bygd eit «naust» for overnatting.
Det er lagt stor vekt på gjennomgåande høge kvalitetar i heile prosjektet, blant anna med vedlikehalsdsvenleg kledning og skiferstein på taket.
Byggherre: Alsaker Fjordbruk
Arkitekt: Arkipelet, Haugesund
Planen var at prosjektet skulle ferdigstillast i løpet av 2025, men i mars same året vart det dessverre totalskadd i ein tragisk brann. Gjenoppbygginga av prosjektet vart starta med det same, og me jobbar mot ny ferdigstilling i 2027.






