Alsaker Brygge

Administrasjonsbygg

I 2021 fekk me jobben med å setje opp nytt administrasjonsbygg for Alsaker Fjordbruk på Onarheim, Tysnes.

Det er til saman 7 hus i hovudbygget, inkludert kantine, storkjøkken, kontorbygg, møterom og festlokale. I tillegg er det bygd eit «naust» for overnatting.

Det er lagt stor vekt på gjennomgåande høge kvalitetar i heile prosjektet, blant anna med vedlikehaldsvenleg kledning og skiferstein på taket.

Byggherre: Alsaker Fjordbruk

Arkitekt: Arkipelet, Haugesund

Prosjektet var opphavleg planlagt ferdigstilt i løpet av 2025, men i mars same året vart det dessverre totalskadd i ein tragisk brann. Gjenoppbygginga av prosjektet vart starta med det same, og me jobbar mot ny ferdigstilling i 2027.