Driftsbygget Aker Solutions

Oppgradering av Drifstbygget på Aker Solutions
I 2024 fekk Valvatne Bygg i oppdrag å byggje om fyrste etasje i Driftsbygget (Sjøhuset) for Aker Solutions på Stord.
Dette inkluderte følgjande: Nye kontorfasilitetar, pauserom, garderobar og møterom. Totalt areal ca. 800 m2
Dette innebar ombygging av elektrisk, røyr og ventilasjon.
Alle vindauge i yttervegg vart bytta, samt endra storleik for å sikre meir lysinnslipp
Det vart i tillegg etablert nye vindauge i utvendig betongvegg for å kunne endre bruken av arealet.
Nytt brannanlegg, røyr i røyr, nytt elektrisk anlegg og utvendig solskjerming.
Alle overflatar vart nye, med systemhimling i heile bygget.
Dette har vore eit godt samarbeidsprosjekt med fleire dyktige aktørar. Med eit gamalt bygg som eit utfordrande utgangspunkt, vart det nokre utfordringar med tanke på plass til teknisk anlegg. Dette vart løyst ved hjelp av smarte og innovative løysingar frå løysingsorienterte fagfolk. På denne måten har ein skapt flotte lokaler frå eit utfordrande utgangspunkt.

Tidsrom: Oktober 2024 – april 2025
Arkitekt: Omega 365 Areal
Entrepriseform: Totalentreprise
Byggherre: Aker Solutions
Underentreprenørar: LOS Elektro, VVS Bømlo, Solland Ventilasjon, Målarfirmaet O. Kjelsnes





