Hybelbygget på Bjelland
Entrepriseform: Totalentreprise
Byggherre: Coast Apartments
Mot slutten av 2024 fekk Valvatne Bygg i oppdrag frå Coast Apartments å føre opp eit hybelbygg i Kjøtteinsvegen på Stord. Etter planlegging og prosjektering starta me bygginga i mars 2025, og kunne ferdigstille prosjektet i oktober same år.
Dette var eit spanande prosjekt der ein brakkerigg skulle erstattast av eit permanent bygg for utleige. Oppdraget var å byggje 20 sjølvstendige hyblar med alle fasilitetar på kort tid. Sjølve bygget vart på om lag 960 m² og er eit bygg med gode kvalitetar, som til dømes royalimpregnert kledning, og swisspearl-plater på terrassar i kombinasjon med glasrekkverk.
Bygget er på to etasjer. Innvendig er det gode kvaliteter som teppefliser i gong, systemhimling i taket og flotte innslag som ulike fargar og veggabsorbenter utforma som moseveggar.
Hyblane er gjennomførte med spanande og effektive løysingar. Kjøkken og innreiingar er spesialdesigna av Treprosjekt AS for å få mest mogleg ut av arealet med smarte løysingar. I tillegg har byggherren hatt ansvar for å velge ut fargar og møblering, noko som har gjort dette til eit flott bygg!
Alle hyblane har eigen terrasse med glasrekkverk, der Valvatne Glas og lås har stått for monteringa.
Dette har vore eit godt samarbeidsprosjekt med fleire dyktige aktørar:
Arkitekt: ARC-ID
Eletro og brann: Helgevold Elektro
Rør: Varme og Bad
Innreiing, kjøkken og bad: Treprosjekt AS









