Kårevik Bufellesskap
Entrepriseform: Totalentreprise
Byggherre: Stord Kommune
Mot slutten av 2023 fekk Valvatne Bygg i oppdrag frå Stord Kommune å byggje bufellesskap i Kårevik på Stord.
Dette inkluderer 7 leiligheter på eitt plan med 2 soverom, bad, vaskerom, bod, stove og kjøkken. Leilighetene har eigen terrasse og uteplass med pergola og flott utsikt.
Det vart også bygd ein personalbase med stove, kjøkken, bad, kontor, medisinrom, garderobar og vaskerom. I tillegg er det bygd utvendige sportsbodar. Totalt er bygget på om lag 800 m².
Leilighetne er teikna av Omega. For best mogleg tilpassing til eksisterande tomt, vart bygget teikna noko om av vår arkitekt i ABO, Nils Eivind Horneland.
Bygget er fullsprinkla, i tillegg til at det er eit komplett brannanlegg som dekker heile bygningsmassen. Husa er utforma i rekke, men varierer i høgde og vinkel i forhold til kvarandre.
Dette har vore eit kjekt og spanande samarbeidsprosjekt med fleire dyktige aktørar:
Grunnarbeid og terrengutforming: Stord Anlegg
Elektro og brann: Stomas
Røyr og sprinklar: Varme og Bad
Ventilasjon personalbasen: Teca
Kjøkken: Stord Kjøkkensenter
Solskjerming og lås: Valvatne Glas og lås











