Moodboards for ditt nye kjøkken

Kombinasjonar til inspirasjon

Moodboards til inspirasjon

Det er mange val ein skal ta stilling til når det kjem til kjøkkenplanlegging, og det er mykje å velje mellom!

For å gjere valet enklare, har Sigdal laga moodboards for å vise korleis ein kan setje saman ulike fargar og materiale for å skape den rette stemninga og følelsen i kjøkkenet ditt.

Sjekk ut denne moodboarden, med Sigdal sin kjøkkenfarge Hav og kvitbeisa eik benkeplate. Fargene matcher perfekt med varme metaller, og dersom du også matcher med skinn, får du ein herleg luksusfølelse.

Kjøkkenfargen Korn er ein jordnær og roleg farge som skapar ein koseleg, lett og sofistikert følelse på kjøkkenet. Den passar perfekt saman med den varme eiketonen i kjøkkenfronten Signatur Favn.

Her er dei vist i kombinasjon med benkeplater i kvartskompositt og laminat, og med detaljar i krom.

Kjøkkenfargen Granitt er ein nøytral farge som passar til dei fleste kjøkkenstilar. Skap eit stilsikkert kjøkken ved å velje tilbehør frå den mørke skalaen. Saman med Signatur Favn skapar du ein lun atmosfære på kjøkkenet ditt.

Her i kombinasjon med benkeplate i lys marmor og kvit Corestone, handtak i børsta stål og antikk brun samt blandbatteri i sort matt.

Denne nydelege kjøkkenfargen, Furu, er ein nyanse som held seg over tid og som er lett å kombinere med ulike materialer på benkeplata og i tilbehøret. Fargen passar like fint til eit klassisk kjøkken som til eit moderne bykjøkken.

Benkeplata er i kjerneask, medan handtaka her er vist i eik og klassisk kvit.

Moodboardet til fargen Høst, gir ein varm og lun følelse. Den passar for deg som likar mørkegrå tonar, men som ynskjer ein varmare følelse på kjøkkenet.

Benkeplata er i Thermo Ask, medan handtak og blandebatteri er i ein stilrein svart matt farge.

Den lyse gråfargen Sky er ein frontfarge som, avhengig av val av kjøkkenfront, passar like godt til strame moderne kjøkken som på eit vakkert landleg kjøkken. Dersom du kombinerer denne fronten med lyse tekstilar og metallar, får du eit lett og stilig uttrykk.

Benkeplata som er foreslått til denne fronten er laminat i lys marmor, handtaka i retro stål eller antikk brun, medan blandebatteriet er i rustfri utføring.

For meir info og inspirasjon, besøk vår kjøkkenbutikk, Stord Kjøkkensenter. Me er stolt leverandør av Sigdal Kjøkken.