Korleis skape den beste planløysinga?

– våre tips og idèar

Slik skapar du ei funksjonell og framtidsretta planløysing

Planlegg du å byggje nytt hus eller renovere ein bustad? Då er det viktig å tenkje grundig gjennom planløysinga. Ei smart planløysing skapar ein funksjonell, trivselsskapande og varig heim – tilpassa kvardagen din og dine framtidige behov.

Tenk langsiktig – ditt behov i dag og i morgon

Kva treng du i bustaden din no – og kva vil du trenge om 10, 20 eller 30 år? Behov endrar seg over tid, og det er difor lurt å planleggje fleksibelt. Kanskje vil eit ekstra soverom fungere som kontor i dag, men seinare kunne nyttast til barnerom eller hobbyrom?

Hos Valvatne Bygg hjelper me deg med å sjå både det store biletet og dei små detaljane, slik at du får ei planløysing som held seg relevant gjennom fleire livsfasar.

Gode planløysingar startar med smarte prioriteringar

Kva rom er viktigast for deg og familien din? Kvar brukar de mest tid? Ved å lage ei prioriteringsliste, vert det enklare å ta gode val i planleggingsfasen. Du unngår å bruke unødig mykje plass på rom som sjeldan er i bruk – og frigjer heller areal til det som verkeleg betyr noko i kvardagen.

Skap god flyt i bustaden

God flyt i heimen handlar om korleis romma er knytte saman, og korleis du beveger deg frå ei sone til ei anna. Det bør vere logisk og enkelt å gå frå inngangsdøra til vaskerommet, frå kjøkkenet til spiseplassen – og vidare til stove eller uteområde.

Eit vaskerom i første etasje med eigen utgang er eit godt døme på ei smart løysing. Det gjer kvardagen enklare, spesielt for familiar med barn – eller for deg som helst vil sleppe å flytte skitne uteklede gjennom huset.

Foto: Sigdal
Foto: Blink Hus

Unngå dødsoner og få meir ut av kvadratmeteren

Når ein planlegg rominndeling, er det viktig å bruke arealet effektivt. Unngå «dødsoner» og areal som ikkje vert utnytta. Ved å bruke skyvedører, innebygde møblar og smart oppbevaring kan du få mykje meir ut av kvar kvadratmeter.

Lys, luft og inneklima

Store vindauge og god tilgang til naturleg lys gjer bustaden lysare og meir behageleg å opphalde seg i. Samtidig er ventilasjon viktig – både med tanke inneklima og komfort. Tenk på plassering av vindauge, dørar og ventilar tidleg i prosessen.

Ikkje gløym oppbevaringsplassen

Det er lett å undervurdere kor mykje lagringsplass ein treng. Du vil trenge plass til sesongklede, sportsutstyr, reingjeringsutstyr og mykje meir. Planlegg for oppbevaring tidleg i prosessen – til dømes med bod, garderobeløysingar, innebygde hyller eller eit romsleg loft.

Foto: Langlo
Foto: Trapperingen

Open løysing mellom kjøkken og stove – passar det for deg?

Ein open løysing mellom kjøkken og stove har blitt eit populært val i mange heimar – og det med god grunn. Med færre veggar og opnare rom får bustaden meir lys og luft, noko som skapar ei luftig og innbydande kjensle. Dette gjer det lettare å samlast til kvardags og fest, og gjev eit sosialt og familievenleg miljø der det er enkelt å vere saman sjølv om ein driv med ulike aktivitetar. Ei open løysing kan òg få bustaden til å verke større, noko som er ein stor fordel i både små og store heimar.

Samtidig er det viktig å vere klar over at denne typen planløysing også har nokre ulemper. Matlukt og lyd frå kjøkkenet spreier seg lettare ut i resten av rommet, noko som kan vere forstyrrande – spesielt i mindre bustader. Mangelen på veggar kan også gjere det vanskelegare å finne ro og privatliv, og det stiller høgare krav til orden, sidan rot på kjøkkenet raskt blir synleg frå stova.

Valet mellom open og lukka løysing handlar difor om kva som passar best for din livsstil og kvardagsbehov. Skyvedører og delvis opne løysingar kan vere gode kompromiss.

Foto: Sigdal

Få hjelp frå erfarne fagfolk

Planløysinga legg grunnlaget for heile bustaden. Difor er det viktig å få hjelp frå nokon som kan faget. Valvatne Bygg har brei erfaring med alt frå kataloghus til arkitektteikna bustadar, og me hjelper deg å skape ei planløysing som er tilpassa din kvardag, dine behov – og di tomt.

Me tenkjer heilskapleg og praktisk, og me samarbeider tett med deg heile vegen – frå første skisse til ferdig heim. Ta kontakt med oss i Valvatne Bygg i dag for ein uforpliktande prat om planløysing, nybygg eller totalrenovering. Me står klare til å hjelpe deg!

Oppsummering – dette bør du tenkje på:

  • Tenk langsiktig – planlegg for framtida
  • Prioriter kva som er viktigast
  • Skap flyt i rominndelinga
  • Utnytt arealet godt – unngå dødsoner
  • Sørg for lys, ventilasjon og godt inneklima
  • Planlegg god oppbevaring
  • Vurder fordelar og ulemper med open kjøkken-/stoveløysing
  • Bruk fagfolk – det lønar seg!