Bustader i rekke på kaikanten

Bustader i rekke heilt nede på kaikanten – eit sjeldan tilbod i regionen vår. Det er få nybygg der du kan bu med sjøen som næraste nabo, men på Dalaneset på Moster er dette mogleg.

Me har no starta salet av stilreine einebustader i rekke i det etablerte og flott opparbeidde bustadfeltet på Dalaneset. Nokre bustader ligg heilt nede ved kaikanten, medan andre ligg høgare i terrenget. Her finn du både einebustader, bustader i rekke og firemannsbustader – eit variert tilbod som passar dei fleste behov og preferansar.

Bustadfeltet byr på båtplassar, bølgebrytar som gir ei trygg og lun hamn, topp moderne garasjeanlegg under bakken og eit triveleg felleshus for samvær og sosiale lag. Kort sagt: eit gjennomtenkt bustadområde med noko for ein kvar smak.