H
y
t
t
e
t
o
m
t
p
å
H
ø
g
a
k
r
å
k
o

660 m²

1 300 000 kr

Sjøutsikt, gode solforhold

Oversikt over tomtene på Høgakråko. Tomt 4 er avmerka, her vist med hyttemodellen «Knaus», teikna av JK Arkitektur

Solrik hyttetomt på Høgakråko med storslått utsikt

Me er stolte av å lansere denne attraktive hyttetomta på Høgakråko – eit særs populært hytteområde på Fitjar. Tomta (tomt 4) er ei av totalt ni hyttetomter i same hyttefelt, og her kan du verkeleg få oppfylt hyttedraumen!

Kråko ligg på ei halvøy cirka 4 km sørvest for Fitjar sentrum. Med store delar av området vendt mot den idylliske Hellandsfjorden, og den motsatte delen vendt vestover mot Fitjarøyene og den indre skipsleia, innbyr Kråkohalvøya til eit aktivt og mangfaldig hytteliv.

Tomta vert seld uplanert med byggjeklausul. Det er lagt vatn, avløp, straum og fiber til hyttegrensa.

For å hjelpe deg litt på vegen, har me i samarbeid med JK Arkitektur utarbeida ein hyttemodell og forslag for tomtene i dette hyttefeltet. Hytta «Knaus» er ei unik og stilrein hytte som ligg i ett med naturen. Med arkitektoniske detaljar vert hyttene som ein del av det omkringliggande kystlandskapet, samtidig som dei tilfører nye arkitektoniske kvalitetar til omgivnadene. Store vindaugsflater bringer naturen og ein nydeleg sjøutsikt inn i stova.

Dersom ein ynskjer ein anna hyttemodell, kan me anten teikne ei hytte tilpassa dien behov eller tilby nokre av Blink Hus sine hyttemodellar.

Det vil vere veg fram til alle hyttene, og i gangavstand til hyttene vil det også etablerast naust og båtplassar, med utstrekt tilgang og moglegheiter for fritidsaktivitetar. Dei resterande 8 hyttetomtene er også til salgs. Ta kontakt for visning og detaljar.

Hyttemodellen «Knaus» er utarbeida for denne tomta, og er eit ypperleg alternativ til hytte.

Planteikning for konsepthytta «Knaus»