Glas og lås
– ei nysatsing i Valvatne
Valvatne Glas og lås er ei avdeling i Valvatnegruppa, med dyktige fagfolk som har brei erfaring innan glas, lås og sikkerheitsløysingar. Med denne kompetansen på laget kan me tilby både privatkundar og bedrifter eit breitt utval av tenester på Stord og i Sunnhordland.
Glas og lås for både private og bedriftar
Me tilbyr alt frå montering og reparasjon av glas til avanserte låsløysingar og sikkerheitssystem. Våre medarbeidarar har solid fagkunnskap og hjelper deg med å finne løysingar som passar både behov og budsjett.
Treng du eit glasrekkverk til terrassen, ei lekker foldedør, ei glasplate over kjøkkenbenken eller ei ny låsløysing til heimen? Kanskje drøymer du om ei hagestove som gir deg høve til å nyte uterommet store delar av året?
Uansett om du har eit lite oppdrag eller eit større prosjekt, hjelper me deg gjerne med å finne ei god løysing.
Ta kontakt med Valvatne Glas og lås
Våre tilsette er mykje ute på oppdrag, og avdelinga har difor ikkje faste opningstider. Ta gjerne kontakt på telefon eller e-post dersom du har spørsmål, ønskjer rådgjeving eller vil avtale eit møte.
Har du ei hastesak? Ring vår vakttelefon på 99 21 84 82.
Me hjelper deg gjerne med ditt neste prosjekt!


Avdelingsleiar